Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

242, 01.10.2008

Bolivia: Nederlag for høgresida

 

I den utrulege rekka med val i Sør-Amerika dei siste fem åra kom det mest radikale resultatet i Bolivia, med valet av Evo Morales som president. Det er ikkje fordi Morales hadde det mest radikale programmet, men fordi at i dette landet der majoriteten av folket er urfolk, var det første gongen at ein frå urfolket vart valt til president. Det er i seg sjølv ein djuptgåande sosial revolusjon, og vart ikkje sett pris på av etterkommarane til dei europeiske immigrantane som alltid hadde kontrollert landet.

Det store spørsmålet då Morales vart valt var om han kunne sitte lenge, eller om den bolivianske høgresida, kanskje i konspirasjon med dei væpna styrkane, kunne fjerne han. Han har no demonstrert at han kan.

Det var tri hovudelement i programmet hans. Nasjonalinntekten til Bolivia i dag kjem primært frå gasseksport, i hovudsak til Brasil og Argentina. Gassen finst i dei austlege provinsane, den såkalla halvmånen. Og desse områda er der prosentdelen urfolk er lågast. Majoriteten er etterkommarar av europearar. Fram til Morales kom til makta var salsprisen på gassen latterleg låg. Og inntektene blei i hovudsak att hos regjeringane i dei austlege provinsane.

Så Morales ba om reforhandling av prisen på den eksporterte gassen, og han innførte ein hydrokarbonskatt slik at den nasjonale regjeringa ville få mykje meir av inntektene. Morales ville bruke pengane til sosial omfordeling rundt om i landet, noko som sjølvsagt urfolka ville ha fordel av.

I tillegg er jorda uvanleg dårleg fordelt i provinsane i aust. To tridelar av jorda er eigd av ein seksdel av 1 prosent av befolkninga. Morales ønska legge eit tak på arealet ein person kunne eige - ein viktig jordreform.

I utanrikspolitikken har Morales freista halde oppe rimeleg fornuftige relasjonar med USA. Han heldt fram med å ta mot pengane USA har gitt til anti-narkotikaoperasjonar, særleg ettersom desse pengane gjekk til dei væpna styrkane. Men i tillegg ønska han legar frå Venezuela og Cuba velkomne. Regjeringa i USA var tydeleg ikkje fornøgde med Morales og ville føretrekke at det bolivianske høgre kom attende til makta.

Strategien til det bolivianske høgre var å kreve meir autonomi for dei regionale regjeringane, og ymta til slutt om utskilling - eit prosjekt dei aldri hadde stått for så lenge dei kontrollerte den sentrale regjeringa. Dei krevde eit tilbakekallingsval for Morales. Taktikken slo hardt tilbake.

Morales aksepterte utfordringa, og la til spørsmålet om dei ni provinsleiarane au skulle kallast tilbake. I vala fekk Morales støtte med gigantiske 68 prosent, langt meir enn det han fekk då han vart valt. Sju leiarar vart alltvalt, men to guvernørar  som var mot Morales vart fjerna, noko som gjorde at Morales kunne utnemne etterfølgarane.

Høgresida i dei austlege provinsane freista så å blokkere gasseksporten. Slik håpa dei få regjeringane i Brasil og Argentina til å legge press på Morales. Folk som støtta Morales byrja då å demonstrere. Guvernøren i Pando-provinsen, Leopoldo Fernández, svarte med å undertrykke demonstrantane. Over tretti demonstrantar blei drepne i hovudstaden, El Porvenir. Morales arresterte guvernøren og utnemnte ein marineadmiral som ny leiar.

På dette tidspunktet samla president Michelle Bachelet i Chile eit hastemøte i organisasjonen til dei tolv sør-amerikanske statane, UNASUR, for å vurdere stoda. Alle tolv presidentane kom til møtet i Santiago, og vedtok samrøystes ein resolusjon med «full og heil støtte til den konstitusjonelle regjeringa til Evo Morales», og fordømte alle tenkelege statskupp. Det viktige med resolusjonen var at han var samrøystes, jamvel underteikna av den djupt pro-amerikanske presidenten i Colombia, Alvaro Uribe. Resolusjonen vart så støtta av Grupo Rio, sett saman av tjueto land frå heile Latin-Amerika og Karibia, medrekna Mexico.

UNASUR ba om dialog. Morales ba om dialog sjølv, jamvel før resolusjonen frå UNASUR. Høgresida var i knipe. Det siste håpet var intervensjon frå USA. Men Bolivia hadde no utvist ambassadøren frå USA, Philip Goldberg, for «å konspirere mot demokratiet», det vil seie med den bolivianske høgresida. USA drar no attende sine små hjelpeprosjekt frå Bolivia. Russland har bydd seg å avhjelpe stoda. USA blir meir og meir uviktig i Latin-Amerika.

Om ein spør korfor Uribe støtta resolusjonen, er det fordi ingen presidentar ønskar støtte til den nye utskillingstaktikken. USA freistar det same i Ecuador, der det likeins har slått attende med den store seieren til president Rafael Correa i folkerøystinga om grunnlova.

Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage