Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

243, 15.10.2008

Eit langsiktig perspektiv på depresjonen

 

Depresjonen har starta. Journalistane stiller framleis blyge spørsmål til økonomane, om me har, eller kanskje ikkje har rein nedgangskonjunktur. Ikkje tru det eit sekund. Verda er alt i starten på ein blomstrande depresjon med omfattande arbeidsløyse mest over alt. Han kan ta form som klassisk deflasjon, med alle sine negative konsekvensar for vanlege menneske. Eller han kan litt mindre sannsynleg ta form som ein løpsk inflasjon, noko som ganske enkelt er ein annan måte verdiane forsvinn på, og som er enno verre for vanlege folk.

Alle spør sjølvsagt kva som utløyste depresjonen. Er det derivata, som Warren Buffett kalla «finansielle masseøydeleggingsvåpen»? Eller er det rotne lån? Eller er det oljespekulantane? Dette er eit Svarte-Per-spel, og ikkje verkeleg viktig. Det blir som å konsentrere seg om støvet frå dagens hendingar som Fernandel Braudel sa. Om me vil forstå kva som skjer, må me sjå på to andre tilbakevendande hendingar, som er langt meir avslørande. Ein er dei mellom-lange sykliske svingningane. Og ein er langsiktige strukturelle trendar.

Den kapitalistiske verdsøkonomien har i atskillege hundreår hatt to hovudformer for sykliske svingningar. Ein er det som blir kalla Kondratjevs bølgjer som historisk har hatt 50-60 års lengde. Og den andre er hegemoni-syklusane som er mykje lenger.

Når det gjeld hegemoni-syklusar, var USA ein oppstigande hegemoniutfordrar frå 1873, oppnådde full hegemonisk dominans i 1945, og har gått sakte attende sidan 1970-talet. Galskapen til George W Bush har gjort sakte nedgang til bråstup. Og per i dag er me ferdig med alt som kan likne hegemoni for USA. Me har gått inn i, slik det vanlegvis skjer, ei multipolar verd. USA er framleis ei sterk makt, kanskje framleis den sterkaste, men vil halde fram med å bli relativt svakare enn andre makter i tiåra framover. Det er ikkje stort nokon kan gjøre for å endre det.

Kondratjevs bølgjer har eit anna tidsspenn. Verda kom ut av den siste Kondratjevs B-fasen i 1945, og hadde så den sterkaste oppgang i A-fase i historia til det moderne verdssystemet. Fasen nådde toppen cirka 1967-73, og så starta nedgangen. Den B-fasen har gått føre seg mykje lenger enn tidlegare B-fasar, og me er framleis i den.

Kjennemerka på ein Kondratjevs B-fase er velkjente og samsvarer med det verdsøkonomien har gått gjennom sidan 1970-talet. Profittraten i produktive aktivitetar går ned, særleg i den typen produksjon som har vore mest profitabel. Kapitalistar som vil skaffe seg verkeleg høge profittar vender seg derfor til finanssektoren, og går inn i det som grunnleggande er spekulasjon. For ikkje å bli for uprofitable, tenderer produktive aktivitetar å flytte frå kjerneområda til andre delar av verdssystemet, og byttar lågare resultat mot lågare lønskostnader. Det er grunnen til at jobbar har forsvunne frå Detroit, Essen og Nagoya, og at fabrikkar har ekspandert i Kina, India og Brasil.

Når det gjeld spekulasjonsboblene, gjør ein del folk mange pengar på dei. Men spekulasjonsbobler sprekk alltid før eller seinare. Grunnen til at den noverande Kondratjevs B-fasen har vart så lenge, er at makthavarane – finansdepartementet og nasjonalbanken i USA, Det internasjonale pengefondet, og deira kollaboratørar i Vest-Europa og Japan – har intervenert i markedet regelmessig og betydeleg: 1987 (børsnedgangen), 1989 (kollaps i sparing og utlån), 1997 (finanskrisa i Aust-Asia), 1998 (vanstyre av langsiktig kapitalstyring), 2001-2002 (Enron) – for redde verdsøkonomien på tørt land. Dei lærte leksa frå tidlegare B-fasar, og makthavarane trudde dei kunne overvinne systemet. Men det er innebygde grenser om ein gjør det. No har me nådd dei, som Henry Paulson og Ben Bernanke forarga og kanskje forundra lærer no. Denne gongen blir det ikkje lett, kanskje uråd, å unngå det verste.

Når ein depresjon hadde gjort skaden tidlegare år, tok verdsøkonomien seg opp att, på grunnlag av innovasjonar som kunne kvasi-monopoliserast for ei tid. Når folk no seier at aksjemarkedet vil stige att, er det det dei trur vil skje, denne gongen som tidlegare, etter all skaden påført folka i verda. Og kanskje skjer det, om få år.

Men det er noko nytt som kan kollidere med desse vakre sykliske mønstra som har eksistert i det kapitalistiske systemet rundt 500 år. Dei strukturelle trendane kan kollidere med det sykliske mønstra. Dei grunnleggande strukturelle trekka ved kapitalismen som verdssystem fungerer etter visse reglar som kan teiknast i diagram som ei oppstigande jamvekt. Problemet, som med all strukturell jamvekt i alle system, er at kurvane over tid tenderer å gå langt bort frå jamvekt og det blir uråd å få dei i balanse att.

Kva har fått systemet til å gå så langt frå jamvekt? Svært kort sagt er det fordi dei tri basiskostnadene i kapitalistisk produksjon – tilsette, materiell og skatt – i løpet av 500 år har stige støtt, som prosentdel av mauleg salspris. I dag blir det umauleg å oppnå dei store profittane frå kvasi-monopolisert produksjon som alltid har vore grunnlaget for stor kapitalakkumulasjon. Det er ikkje fordi kapitalismen mislykkast i det han er best på. Det er nettopp fordi han har gjort det så bra at kapitalismen til slutt underminerte grunnlaget for framtidig akkumulasjon.

Det som skjer når me når eit slikt punkt er at systemet deler seg i to greiner (bifurcates). Den umiddelbare konsekvensen er kaotisk turbulens, slik verdssystemet vårt opplever no og som me kan hende vil ha i 20-50 år. Når alle skyv i kva retning dei umiddelbart synest best for seg, vil eit nytt regime komme ut av kaoset ut frå ein av to alternative og svært ulike banar.

Me kan trygt påstå at det noverande systemet ikkje kan overleve. Det me ikkje kan spå om er kva for nytt regime som blir valt som erstatning, fordi det kjem som resultat av ei uendeleg rekke av individuelle trykk. Men før eller seinare vil eit nytt system vere på plass. Det blir ikkje eit kapitalistisk system, men det kan bli langt verre (jamvel meir polariserande og hierarkisk) eller langt betre (relativt demokratisk og relativt egalitært) enn eit slikt system. Valet av nytt system er den viktigaste politiske kampen på verdsbasis i vår tid.

Når det gjeld dei umiddelbare kortsiktige og midlertidige utsiktene, er det tydeleg kva som skjer over alt. Me har gått inn i ei proteksjonistisk verd (gløym den såkalla globaliseringa). Me har gått inn i ei tid der regjeringane får ei mykje større direkte rolle i produksjon. Jamvel USA og Storbritannia nasjonaliserer delvis bankane og den døyande storindustrien. Me går inn ei tid med populistisk regjeringsstyrt omfordeling, som kan ta form som til-venstre-for-sentrum-sosialdemokratisk eller langt-til-høgre-autoritært. Og me går inn i akutte sosiale konfliktar innanfor statane, ettersom alle konkurrerer om den mindre kaka. På kort sikt er det i det heile tatt ikkje eit vakkert bilete.

Immanuel Wallerstein

 Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage