Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

244, 01.11.2008

Blir det «dramatiske konsekvensar» i Irak utan ny tropp-avtale?

Tida er med al-Sadr

 

«Dramatiske konsekvensar» spår forsvarsministeren i USA, Robert Gates, om det ikkje er på plass ein avtale om grunnlaget for USA-troppane i Irak 1. januar 2009. Det kan skje enten via ein såkalla Status-of-forces-avtale (SOFA) mellom Irak og USA, eller nest best ei forlenging av FN-mandatet som er det juridiske grunnlaget for USA-troppane sitt nærvær og aktivitet, men som går ut 31. desember 2008.

Forhandlingane mellom USA og Irak har gått i vranglås, noko mest alle innrømmer. Det kan komme eit gjennombrot i siste sekund, men det er usannsynleg. Det er meir truleg at Tryggingsrådet i FN kan samle seg heilt i slutten av desember for å godkjenne ei tidsavgrensa forlenging av det noverande mandatet. Det vil kaste problemet i fanget på den neste presidenten i USA. Det er slett ikkje det Bush-administrasjonen hadde ønska eller venta seg.

 

For eit år sidan eller så var Bush-administrasjone trygge på at dei kunne forhandle fram ein SOFA-avtale med al Maliki-regjeringa i Irak som dei meinte var vennlegsinna. Bush ønska ein avtale som meir eller mindre fornya reglane som styrer dei militære operasjonane til USA i Irak, og som dermed ville binde opp den neste presidenten i atskillige år. Forhandlarane frå USA gjorde framlegg om ein avtale på regjeringsnivå mellom dei to regjeringane, ein avtale som ikkje måtte opp i nasjonalforsamlingane i nokon av landa.

Alt gjekk galt med den planen. For det først insisterte parlamenta på at dei var part i saka, særleg den irakiske forsamlinga. For det andre var det viktige politiske røyster i Irak som var mot alle avtalar som gav styrkane frå USA rett å bli i Irak. Det omfatta sjølvsagt gruppa til Moktada al-Sadr, som konsekvent har stått på irakisk nasjonalisme, mot vidare nærvær frå USA.

 

Men al-Sadr var ikkje aleine. Det viste seg at alle dei tri gruppene USA trudde var vennlegstemte til ny avtale hadde alvorlege innvendingar – dei to viktige sjia-partia utanom Sadristane (SCIRI og al-Malikis parti Dawa), dei såkalla moderate sunniane, og sjølvsagt kurdarane. Murring på alle fløyer førte til at statsminister Nouri al-Maliki la seg på ei langt tøffare linje i forhandlingane enn USA hadde venta seg. Han byrja oppføre seg som om han var mest uroleg for å bli plassert på sidelinja som irakisk nasjonal leiar av andre, og særleg av Moktada al-Sadr.

Al-Maliki stilte derfor to hovudkrav i forhandlingane. Han ønska ein fast dato for tilbaketrekkinga av USA-troppane, og han ønska legge USA-troppane og sivile kontraktørar under irakisk jurisdiksjon om dei vart klaga for alvorlege brotsverk utanom legitim militær aktivitet. Begge krav var totalt uhøyrte for USA.

Men al-Maliki stod fast, og etter mange månader fekk han konsesjonar. Det vart semje om ein endeleg dato i 2011 for stridande USA-soldatar, og det vart avtalt irakisk jurisdiksjon i ikkje-militære saker. Men begge punkta inneheldt unntak. Tilbaketrekkinga i 2011 skulle vere avhengig «av stoda på slagmarka». Irakisk jurisdiksjon skulle vere avhengig av at nokon (truleg USA) slo fast om aktiviteten verkeleg var utanfor legitim militær aktivitet.

Vilkåra viste seg bli for mykje for irakiske politikarar. Som ein av dei nyleg formulerte det, «USA hadde gitt med høgre handa det dei tok bort med venstre.» Ein etter ein sa dei at dei ville røyste mot godkjenning av «kompromiss»-utkastet. Den viktigaste her var storayatollah al-Sistani som gav uttrykk for at framlegget var uakseptabelt. Det største sjiapartiet SCIRI avviste utkastet. Dei moderate sunniane og kurdarane ville ha endringar. Heile den irakiske regjeringa kravde så endringar. Eit av tillegga skulle gi irakarane og ikkje USA makt til å avgjøre kva som var legitim militær verksemd. Det ser ikkje ut til at slike endringar på noko vis er akseptable for USA.

 

Forsvarsminister Gates og utanriksminister Condoleezza Rice har uttalt seg i forsiktige diplomatiske vendingar. Andre i USA var mindre beherska. USAs kommandant i Irak, general Raymond T. Odierno, sa at den irakiske motviljen var grunna i iransk smøring. Al-Maliki sa straks at Odierno «sette stillinga si i fare.»

Så hevda leiaren for overkommandoen i USA, admiral Michael Mullen, at utan militær støtte frå USA-troppane, ville ikkje irakiske styrkar «vere i stand til å ta vare på eigen tryggleik». Talsmannen for den irakiske regjeringa svarte straks arg at «det ikkje er rett å tvinge irakarane til å gjøre eit val, og det er ikkje passande å snakke slik til oss.» Andre irakarar snakka meir rett ut. Dei kalla kommentarane frå Mullen om å avslutte all hjelp frå USA om SOFA ikkje vart underteikna for «utpressing».

 

Då USA sette i verk åtak på påståtte al Qaida-element på syrisk jord frå ein base i Irak, svekka dei avtaleutsiktene endå meir. Ein framståande kurdisk politikar sa at raidet skjedde utan at den irakiske regjeringa kjente til det, og at det ville gi naboane til Irak «god grunn til å uroe seg for vidare USA-nærvær i Irak». Den irakiske regjeringa ønskar no eit nytt tillegg om forbod mot USA-åtak på Iraks naboar frå Irak.

Russlands utanriksminister Sergei Lavrov har gjort det klart at Russland ikkje set seg mot forlenging av FN-mandatet så lenge den irakiske regjeringa ønskar det. Lavrov la til at Russland stør «regjeringa i Irak med omsyn til kravet om suverenitet på eige territorium.» Korfor skulle ikkje Russland det? Russarane er ganske fornøgde med at USA-troppar er bunde opp i Irak slik stoda er. Det avgrensar USAs evne til bruke dei andre stader. I alle tilfelle er det eit spørsmål om den irakiske regjeringa – om og når ho ber om forlenging av FN-mandatet – ikkje vil be om å få inn dei tillegga USA er mot i SOFA-avtalen. I så fall kan USA legge ned veto mot forlenginga.

 

Den som roleg nyt det som skjer er Moktada al-Sadr. Bare det at han finst i Irak har tvunge alle andre politiske krefter til å fremme irakiske nasjonale krav opnare og meir aggressivt. Tida er med han. Det er no ganske truleg at den irakiske regjeringa vil be USA om å trekke seg heilt ut jamvel før den hypotetiske datoen i 2011, og svært lenge før dei hundre åra John McCain ein gong snakka om.

Blir det «dramatiske konsekvensar»? Verda får dømme. Det vil sjølvsagt au irakarane, og opinionen i USA. Men dramatisk eller ikkje, så skjer det truleg.

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage