Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

246, 01.12.2008

I Irak har det viktigaste enno ikkje skjedd.

Den trettande timen

 

Den 27. november røysta det irakiske parlamentet med 149 mot 35 røyster for å ratifisere Status-of-Forces Agreement (SOFA) med USA. Under avrøystinga skal visestatsminister Barham Salih ha sagt: «Eg minner dykk om at i Irak skjer ikkje ting i tolvte time, men i den trettande.» Med andre ord, det viktige har enno ikkje skjedd.

 

Kva skjedde faktisk? Det irakiske parlamentet har 275 medlemmer. Til stades ved avrøystinga var bare 198. Dei som røysta for avtalen var 149, eller eit knapt fleirtal av medlemmene. Dei 149 inkluderte medlemmer frå dei to viktige sjiapartia (SCIRI og statsministerens parti, Dawa), dei to kurdiske partia – og heilt avgjørande – medlemmer av den sunnibaserte Iraqi Accord Front (IAF).

Den positive stemmegivinga til IAF var avgjørande fordi storayatollah al-Sistani hadde sagt han ikkje ville stø avtalen om han ikkje hadde «brei» støtte, med det meinte han sterk støtte frå sunniane. Det gav sunniane stor forhandlingstyngde med statsminister al-Maliki, som hadde si politiske framtid knytt til at SOFA vart vedtatt. IAF fekk to ting av al-Maliki. Ein var at det skulle vere folkerøysting om avtalen i juli 2009. Det andre var den sterke støtta al-Maliki har gitt til dei såkalla «støtteråda» (support councils) hos sunnistammane. Det vil si al-Maliki byr både på mutingar og ein garanti mot framtidige represaliar mot dei sunnistammane som har støtta dei væpna styrkane til USA dei siste åra som motyting for materiell hjelp.

 

Al-Maliki har stige fram som den store politiske seierherren og vist seg vere dyktigare til å manøvrere politisk enn dei fleste kommentatorar hadde venta. La oss sjå kva han har oppnådd med SOFA, ein avtale som irakarane kallar «tilbaketrekkingsavtale». Den første fortjenesta var å halde sadristane i sjakk ved å ta i bruk sadristane sin strategi – få amerikanarane ut av Irak ved å gjøre ein avtale med sunniane. Både SCIRI (det andre store sjiapartiet) og kurdarane klagar over eit mauleg gryande «diktatur» frå al-Maliki, men dei hadde ikkje anna val enn å ratifisere avtalen. Sadristane har halde oppe sin vente-og-sjå-haldning ved å røyste høglytt mot overeinskomsten.

 

Kva ligg i avtalen? Nøkkelpunktet er at styrkane frå USA må ut av alle små og store byar innan utgangen av juni 2009, og forlate Irak fullstendig innan utgangen av desember 2011. I tillegg må all militær aktivitet frå USA-styrkane vere samordna på forhand med irakarane, og USA kan ikkje bruke Irak som base for åtak på naboar (dvs Syria og Iran).

 

Korfor samtykka Bush? Han hadde ikkje noko val. Alternativet var at USA-styrkane vart ulovlege etter 31. desember 2008, og at heile spørsmålet 

vart overlate til Obama. Regjeringa i USA var så redde for reaksjonar frå Kongressen på detaljane i avtalen at dei nekta frigi ei engelskspråkleg utgave før avrøystinga. Dei ønska ikkje offentleg diskusjon om avtalen før parlamentet i Irak røysta.

 

Vilkåra i avtalen inneheld nokre vage formuleringar, og forsvaret i USA seier dei kan tolke det slik det passar dei. Det blir sagt at Bush slik har fått ein betre avtale enn Obamas 16-månaders tilbaketrekkingsplan. Men det er ikkje sant i det heile tatt. Han er faktisk verre. Framlegget til Obama var at stridande styrkar skulle ut innan 16 månader, men hadde ingen dato for «øvings»-styrkar, og opna for at enkelte typar soldatar frå USA kunne bli stasjonerte på ubestemt tid. SOFA får alle styrkar ut i desember 2011. Og det var Bush og ikkje Obama som signerte på det.

I praksis vil alle USA-styrkane dra lenge før desember 2011. Det er her folkerøystinga kjem inn. Ho blir gjennomført i juli 2009. USAs styrkar må ut av alle byar og landsbyar i juni 2009. Om dei ikkje er det, blir resultatet av folkerøystinga garantert negativt. Om dei drar seg ut, må al-Maliki framleis vinne folkerøystinga. For å klare det, må han føre ei tøff linje mot USA. Ein kvar tanke om at USA-styrkane kan «tolke» vagt språk til sin fordel er ein fullstendig illusjon. I alle tilfelle kan folkerøystinga stå i fare, etter som al-Sistani gav uttrykk for reservasjonar etter avrøystinga i parlamentet. Al-Maliki veit at om han gir ein tomme til USA no, så ventar Muqtada al-Sadr på sidelinja.

Så al-Maliki sit med alle korta, og Obama vil vere utan. Obama må slutte seg høfleg til irakiske krav. Krava vil bli fleire, ikkje færre, ettersom tida går.

 

Og forresten, så har etiopiarane (USA-surrogatet i Somalia) nettopp meldt at dei vil trekke seg ut ved slutten av 2008. Og president Karzai i Afghanistan har nettopp annonsert at han vil ha ein formell tilbaketrekkingsdato for styrkane frå USA og Nato som er der. Den generelle oppfatninga i regionen ser ut til å vere at det ikkje bare er mauleg å snakke hardt til USA. Det lønner seg. Den trettande timen nærmar seg.

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage