http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
247, 15.12.2008
Vesten må
innsjå at den pakistanske eliten og al-Qaida har høgst ulike interesser.
Obamas mareritt
På kvelden 26. november
2008 gjekk
ei lita gruppe på ti personar til åtak på to luksushotell og andre anlegg i
sentrum av Mumbai i India, og i fleire dagar klarte dei å drepe og såre ei
mengd menneske og å lage store materielle skadar i byen. Det tok fleire dagar
før nedslaktinga vart stansa. Dei fleste trur åtaka var verket til ei
pakistansk gruppe kalla Lashkar-e-Taiba (LET), ei gruppe ein meiner har same
synspunkt som al-Qaida, kanskje direkte knytt til dei. Verdspressa kalla straks
Mumbai-massakren Indias 11. september, ei oppattaking av åtaka al-Qaida retta
mot USA i 2001.
Synspunkta og strategien til al-Qaida i 2001
vart i hovudsak misoppfatta, både av regjeringa i USA og av kommentatorane. Ein
risikerer det same no. Al-Qaida freista sjølvsagt audmjuke USA i 2001. Men
strategisk var det bare eit sekundært mål. Al-Qaida har alltid gjort det klart at
hovudmålet er opprette det islamske kalifatet på ny. Og strategisk har dei sett
det som eit nødvendig første steg å få regjeringane i Saudi-Arabia og Pakistan
til å kollapse. Al-Qaida ser dei to regjeringane som dei viktigaste politiske
støttespelarane for den politiske dominansen Vesten (primært USA) har i heile
Midtausten, og derfor den største hindringa for at kalifatet kan bli
atterreist, sjølvsagt med geografisk hovudsete i denne regionen.
Åtaka 11. september kan ein sjå
som eit forsøk på å presse regjeringa i USA til politiske handlingar som ville
gjere regjeringane i Saudi-Arabia og Pakistan mindre levedyktige. Dei første
handlingane til regjeringa i USA i regionen etter 2001 – først invasjonen i
Afghanistan og så i Irak – svarte utan tvil til forventningane til al-Qaida.
Kva har resultatet blitt?
Den saudiske regjeringa har reagert med stor
politisk kløkt og parert press frå USA som ville svekka ho innanlands, og har
slik vore i stand til å redusere al-Qaidas politiske suksess i Saudi-Arabia.
Den pakistanske regjeringa har hatt langt mindre suksess. Regimet i Islamabad
er langt veikare i 2008 enn forgjengaren var i 2001, medan den politiske
styrken til al-Qaida-liknande element har stige jamt. Åtaka i Mumbai ser ut til
å ha vore eit forsøk på å svekke den pakistanske staten ytterlegare. Sjølvsagt
ønska LET å såre India og dei dei såg som deira allierte – USA, Storbritannia
og Israel – men det var eit sekundært mål. Hovudmålet var å svekke den
pakistanske regjeringa.
I Pakistan som i alle andre land i verda er den
politiske eliten nasjonalistar og freistar fremme dei geopolitiske interessene
til landet sitt. Det målet er grunnleggjande annleis enn det al-Qaida-liknande
grupper har, for dei er den einaste legitime funksjonen ein stat kan ha å
fremme at kalifatet blir atterreist. I Vesten har ein konsekvent nekta forstå
den skilnaden, og det har vore hovudgrunnen til al-Qaidas styrke. Det er det
som vil gjere Pakistan til Obamas mareritt.
Kva er dei geopolitiske interessene
til Pakistan? Framfor alt anna er dei uroa for dei store naboane India og
Afghanistan. Den uroa har forma den geopolitiske strategien dei siste seksti
åra. Pakistan søkte mektige allierte mot India. Historisk fann dei to, USA og
Kina. Både USA og Kina støtta Pakistan av ein enkel grunn: å halde India i
sjakk. Begge såg India som for nært geopolitisk knytt til Sovjetunionen, som
både USA og Kina hadde konfliktar med.
På 1990-talet, med slutten på den kalde krigen
og eit kortvarig geopolitisk veikt Russland, freista både USA og Kina nærme seg
India. Geopolitisk var India eit viktigare bytte enn Pakistan, og det visste
Pakistan. Ein av reaksjonane frå Pakistan var å utvide si rolle i (og kontroll
over) Afghanistan, ved å stø den endelege sigeren til Taliban i landet.
Kva skjedde etter 2001? USA invaderte
Afghanistan, dreiv bort Taliban, og sette inn ei regjering med medlemmer som
var vennlegsinna til USA, til Russland, jamvel til Iran, men ikkje i det heile
tatt til Pakistan. På same tid vart USA og India stadig betre venner, med nye
avtalar om kjernekraft. Så den pakistanske regjeringa vendte det blinde auget
til at Taliban styrka seg att i stammeområda i nordvest mot Afghanistan.
Talibangrupper støtta av al-Qaida-grupper gjennomførte på ny operasjonar inn i
Afghanistan frå desse områda – med stor suksess, må ein leggje til.
USA vart ganske opprørt,
og
pressa den pakistanske hæren til militære åtak mot desse
Taliban-/al-Qaida-gruppene, og deltok sjølv direkte (men hemmeleg) i militære
aksjonar i regionen. Den pakistanske regjeringa fann seg sjølv mellom barken og
veden. Dei hadde aldri hatt særleg evne til å styre i stammeområda.
Freistnadene dei gjorde etter press frå USA svekka dei ytterlegare. Men den
manglande effektiviteten pressa fram meir direkte militære aksjonar frå USA,
noko som skapte alvorlege anti-amerikanske kjensler jamvel blant dei historisk
mest pro-amerikanske elitane.
Kva kan Obama gjere? Sende inn troppar? Mot
kven? Den pakistanske regjeringa sjølv? Det blir sagt at regjeringa i USA er
særleg uroa for det kjernefysiske våpenarsenalet til Pakistan. Vil USA freiste
sikre seg det arsenalet? Alle handlingar i den retninga – og Obama hinta
tankelaust om slike aksjonar i valkampen – vil få fiaskoen i Irak til å framstå
som ein bagatell. Det ville heilt klart bety slutten for dei måla Obama har
sett seg heime.
Det vil ikkje mangle folk som vil råde han om at
manglande handlingar vil syne uakseptabel veikskap. Er det det einaste
alternativet til Obama? Det verkar klart at om han skal gjennomføre sakslista
si slik han sjølv har definert ho, så vil det krevje slutt på USAs endelause og
geopolitisk fåfengde aktivitetar i Midtausten. Irak blir enkelt, ettersom
irakarane vil insistere på at USA dreg seg ut. Afghanistan blir vanskelegare,
men ein politisk handel er ikkje umogleg. Iran kan forhandlast. Den
israelsk-palestinske konflikten er uløyseleg i augeblinken, og Obama kan truleg
gjere lite anna enn å la byllen vekse ei tid.
Men Pakistan krev ei avgjerd. Om
den pakistanske regjeringa skal overleve, må ho syne at står på eigne geopolitiske
mål. Det blir slett ikkje lett, ut frå stoda innanlands og den rasande
opinionen i India. Om det finst ein stad der Obama kan handle med forstand, så
er det her.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries