Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
248, 1.1.2009
Cuba er tilbake!
Midt
i ei verd med
økonomisk og finansiell krise som blir djupare for kvar dag som går, vedvarande
politisk og militært samanbrot i Midtausten, og globale forventningar til Obama
som president, har det vore lite merksemd rundt ei viktig geopolitisk hending i
midten av desember 2008. Cuba er tilbake! Fire latin-amerikanske møte gjekk
fortløpande i Salvador de Bahia, Brasil. I same rekkjefølgje som antall land
involverte, var det møte i Mercosur, Unasur, Rio-gruppa og det første toppmøtet
for Latin-Amerika og Karibia (CALC er den spanske forkortinga). Organisator var
Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva, og «helten» på møta var Cuba. Lula
kalla landet ein «ideologisk orkan».
La
oss sjå kva
som skjedde. Mercosur er ein felles marknad for Brasil, Argentina, Uruguay og
Paraguay, som Venezuela no sluttar seg til. Presidentane i desse fem landa
kunngjorde at dei tar over all eksporten frå Bolivia, som mista fordelaktige
prisar i USA i september, grunnen skulle vere at Bolivia ikkje gjorde nok for å
kjempe mot narkotikatrafikken.
Denne handlinga vart støtta av Unasur,
unionen av alle tolv sør-amerikanske land (pluss Mexico og Panama som
observatørar). Enno viktigare var at Unasur slutta seg til Brasils framlegg om
å danne eit sør-amerikansk forsvarsråd. Ut frå at Unasur la til sides
framlegget (som USA var lite glad for) så seint som i mai, hylla den
brasilianske utanriksministeren vedtaket som ei «god overrasking». Han sa at
det inkarnerte idéen om Latin-Amerika for latinamerikanarane, ei skarp avvising
av slagordet til Monroe-doktrina om «Amerika for amerikanarane.»
Men den store hendinga kom 16. desember
i møtet til Rio-gruppa. Rio-gruppa (Grupo de Río), eit latin-amerikansk forum
oppretta i 1986, som i 2008 omfattar tjueto land, gav «samrøystes» Cuba
medlemskap. President Felipe Calderón i Mexico som leia sesjonen, ønska
velkommen «broderfolket» på Cuba, representert ved president Raúl Castro, til
ståande ovasjonar. Møtet fordømde omgåande USAs embargo mot Cuba, og kravde at
han straks måtte stanse.
Calderón
og Castro heldt
eit privat møte for å ordne med «dei skarpe kantane» i forholdet mellom dei to
landa, skapt av handlingane til forgjengaren til Calderón, Vicente Fox. Etter
møtet sa Castro at forholda no var «storarta». Dei to kunngjorde at dei ville
dra på offisielle visittar til kvarandre i 2009.
Det avsluttande møtet var
toppmøtet for alle dei trettitri latin-amerikanske og karibiske presidentane, det
første nokon gong. Dei einaste tri presidentane som ikkje kom sjølve, men fann
unnskyldningar for å sende erstatning var Alvaro Uribe frå Colombia, Alan
Garcia frå Peru, og Elias Antonio Saca frå El Salvador – dei siste trufaste
vennene USA har i Latin-Amerika. Brasil var så oppsett på å få full deltaking
at dei sendte militærfly for å transportere presidentane i dei fattigaste landa
i Sentral-Amerika og Karibia til møtet.
Det
viktige med desse
møta ligg i utestengingane. Verken USA eller dei tidlegare kolonimaktene Spania
og Portugal var inviterte. President Rafael Correa i Ecuador sa at møtet
markerte slutten på «marionettregjeringane» i Latin-Amerika. Den brasilianske
journalisten Pepe Escobar kalla det «ein torpedo sendt mot Obamas ubåtar».
Tidspunktet for møtet var
ikkje tilfeldig. Det femte toppmøtet for Amerika er planlagt på Trinidad i
april, etter eit opplegg president Clinton la fram i 1994. Dei same
statsleiarane vil bli invitert, bortsett frå at det vil vere to til – USA og
Canada – og ein mindre, Cuba.
Obama vil truleg bli møtt med
argumenta og forslaga frå møtet i Brasil. Det første er å inkludere Cuba ved å
oppheve suspensjonen frå Organisasjonen av amerikanske statar (OAS). Lula sa at
for å betre forholda mellom Cuba og USA så må USA ta det første steget ved å
heve blokaden. Eit anna er å gå gjennom uteståande statsgjeld på ny. Ecuador
har alt kunngjort ein stans i vidare gjeldsbetaling, og seier at dei etter å ha
betalt gjeld i tjueåtte år skulder dei framleis same beløp – ei «sørgjeleg historie»
sa president Correa.
Castro sa han var klar for direkte
samtalar med Obama. «Om han ønskar å ha drøftingar, så vil me. Det er stadig
vanskelegare å isolere Cuba.» Lula gjekk faktisk lenger i å utfordre Obama. Han
sa presidentskapen hans bare ville bli historisk om han heva blokaden mot Cuba.
I mellomtida er det som brukte vere bakgården til USA – Latin-Amerika – i
aukande grad open for andre stormakter. Russland, Kina og Iran har alle auka
aktiviteten sin markant i Latin-Amerika.
Den
siste som har
dukka opp er Frankrike. President Nicolas Sarkozy gjorde ein offisiell visitt
til Brasil 22. og 23. desember. Dei to landa blei ikkje bare samde om auka
handelssamband men om svært viktige militære avtalar. Frankrike vil no hjelpe
den brasilianske marinen med å byggje fem «neste generasjons» ubåtar, inkludert
ein atomdriven, den første slike ubåten i Latin-Amerika. Vidare gjekk Frankrike
med på å gi Brasil nødvendig teknologi slik at dei kan byggje fleire ubåtar i
framtida. Frankrike vil i tillegg hjelpe Brasil med å byggje såkalla tunge
helikopter, som Brasil har som mål å eksportere.
Den kubanske ballen, den ecuadorianske ballen
og den brasilianske ballen er alle no på Obamas banehalvdel. Han har tida fram
til april til å finne svaret han vil gi.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar
Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author,
write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries