Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
249, 15.1.2009
Om eit varsla sjølvmord
Staten
Israel erklærte seg
sjølvstendig ved midnatt 15. mai 1948. FN hadde røysta for å opprette to statar
i det som under britisk styre hadde vore Palestina. Jerusalem skulle bli
internasjonal sone under FNs jurisdiksjon. FN-resolusjonen hadde brei støtte,
og særleg frå USA og Sovjetunionen. Alle arabarstatane røysta mot.
Dei seksti åra Israel har
eksistert har staten overlevd og ekspandert på ein strategi som kombinerer tre
element: machomilitarisme, geopolitiske alliansar og PR. Frå starten var det
ivrige jødiske nasjonalistar i Israel som gjorde machomilitarismen (som
noverande statsminister Ehud Olmert kallar «jernneven») mogleg, og seinare (om
ikkje frå starten) svært sterk støtte frå jødiske samfunn andre stader i verda.
Geopolitisk smidde Israel
ein allianse med Sovjetunionen (kort, men avgjerande), så med Frankrike (varte
noko lenger og gjorde Israel til ei kjernefysisk makt), og til sist (og
viktigast) med USA. Den viktigaste støtta frå desse allierte – som og var
mentorar – var våpen.
Men dei gav i tillegg
diplomatisk og politisk støtte, og USA monaleg økonomisk støtte.
PR-en var retta mot å
skape sympati hos eit breitt spekter i verdsopinionen, i tidlege år ved å
framstille Israel som ein banebrytande David mot ein bakstreversk Goliat, og
dei siste førti åra på skyld og medkjensle etter den massive naziutryddinga av
europeiske jødar under andre verdskrigen.
Alle desse elementa i den
israelske strategien fungerte bra frå 1948 til 1980-åra. Dei blei faktisk meir
effektive. Men ein gong på 80-talet byrja desse taktikkane å fungere mot det
tiltenkte. Israel er no i ein fase der strategien sviktar raskt. Det kan vere
for seint for Israel å finne ein ny strategi, då har dei i så fall gjort
geopolitisk sjølvmord. La oss sjå korleis dei tre elementa har fungert saman,
først i den framgangsrike tida, så i den perioden der makta til Israel har gått
sakte attende.
Dei første tjuefem åra var Israel i
fire krigar med arabarstatar. Den første var i 1948-49 for å etablere den
jødiske staten. Den israelske sjølvstendeerklæringa vart ikkje følgt av ei
palestinsk statserklæring. I staden erklærte fleire arabiske regjeringar krig
mot Israel. Israel var i utgangspunktet i militær knipe. Men det israelske
militæret var langt betre trent enn dei arabiske, med unntak av Transjordan. Og
heilt avgjerande fekk dei våpen frå Tsjekkoslovakia som fungerte som agent for
Sovjetunionen.
Ved våpenkvila i 1949
hadde dei israelske styrkane med tsjekkiske våpen sett Israel i stand til å ta
store område som ikkje var med i delingsresolusjonen til FN, medrekna
Vest-Jerusalem. Dei andre områda blei innlemma i arabarstatane rundt. Eit stort
mengd palestinarar reiste eller vart tvunge til å reise frå område under
israelsk kontroll og blei flyktningar i landa rundt, der etterkommarane deira i
hovudsak framleis lever. Jorda dei hadde eigd vart tatt av israelske jødar.
Sovjetunionen
gav fort slepp
på Israel. Det skjedde kanskje først og fremst fordi leiarane her blei redde
for den verknaden opprettinga av staten hadde på dei sovjetiske jødane, som
Stalin såg som overdrive entusiastiske og derfor potensielt opprørske. Israel
gav i sin tur fort slepp på all sympati for den sosialistiske leiren i den
kalde krigen, og var glødande opptekne av å bli eit fullverdig medlem av den
vestlege verda, politisk og kulturelt.
Frankrike stod på det
tidspunktet framfor nasjonale frigjøringsrørsler i sine tre nordafrikanske
koloniar, og såg Israel som ein nyttig alliert. Særleg var det tilfellet etter
at algeriarane starta frigjøringskrigen sin i 1954. Frankrike byrja hjelpe
Israel å ruste seg. Og Frankrike som hadde utvikla eigne kjernefysiske våpen
(mot ønsket frå USA), hjelpte Israel til å gjøre det same. I 1956 gjekk Israel
saman med Frankrike og Storbritannia til krig mot Egypt. Uheldigvis for Israel
var krigen starta mot USAs ønske, og USA tvinga dei til å stanse krigen.
Etter at Algerie vart
uavhengig i 1962 mista Frankrike interessa for sambandet med Israel, som no
stod i vegen for å fornye tette band til dei tre uavhengige nord-afrikanske
statane. Det var no USA og Israel vendte seg mot kvarandre for å smi lenker. I
1967 braut det ut krig mellom Egypt og Israel, og andre arabiske statar slutta
seg til Egypt. I den såkalla seksdagarskrigen gav USA for første gong våpen til
Israel.
Den israelske sigeren i
1967 endra grunnlaget på mange vis. Israel hadde vunne lett, og okkuperte alle
dei delane av det britiske mandatområdet dei okkuperte frå før, pluss den
egyptiske Sinaihalvøya og dei syriske Golanhøgdene. Juridisk var det no staten
Israel pluss israelskokkuperte område. Israel byrja politikken med å etablere
jødiske busetjingar i dei okkuperte områda.
Den
israelske sigeren forvandla haldninga til jødar verda over; dei overvann no dei
reservasjonane dei måtte hatt omkring opprettinga av Israel. Dei vart stolte
over det landet hadde oppnådd, og byrja føre store politiske kampanjar i USA og
Vest-Europa for å sikre Israel politisk støtte. Biletet av det banebrytande
Israel med vekt på kibbutzdydane blei forlate til fordel for å leggje vekt på
Holocaust som den grunnleggjande rettferdiggjeringa for at verda skulle støtte
Israel.
I 1973 freista
arabarstatane rette opp den militære stoda gjennom den såkalla Yom
Kippur-krigen. Igjen vann Israel krigen, med våpenhjelp frå USA. Krigen i 1973
markerte slutten på den sentrale rolla til arabarstatane. Israel kunne halde fram
med å prøve bli godtekne av arabarstatar, og dei lykkast til slutt med både
Egypt og Jordan, men det var for seint til at det kunne trygge eksistensen til
Israel.
No
utvikla det seg ei
seriøs palestinsk-arabisk politisk rørsle, Den palestinske frigjøringsorganisasjonen
(PLO) som vart hovudmotstandaren til Israel, den Israel måtte komme til semje
med. I lang tid avslo Israel å ha noko å gjøre med PLO og leiaren Yassir
Arafat, og valte jernneven. Og dei hadde militær suksess i starten.
Grensene for jernnevepolitikken
kom tydeleg fram under den første intifadaen, eit spontant opprør blant
palestinaarabarane i dei okkuperte områda, som byrja i 1987 og varte seks år. Grunnleggjande
oppnådde intifadaen to ting. Han tvinga Israel og USA til å snakke med PLO, ein
lang prosess som leia fram til den såkalla Oslo-avtalen i 1993, som førte til
at dei palestinske sjølvstyresmaktene vart oppretta i delar av dei okkuperte
områda.
Oslo-avtalen var på lang
sikt mindre geopolitisk viktig enn verknaden intifadaen hadde på verdsopinionen.
For første gong byrja David-Goliat-biletet bli snudd opp ned. For første gong
byrja den såkalla to-statsløysinga få seriøs støtte i den vestlege verda. For
første gong byrja den israelske jernneven og politikken mot palestinarane møte
alvorleg kritikk. Om Israel seriøst hadde ønska ei løysing basert på den
såkalla grøne linja – ei skiljelinje etter krigen i 1948-49 – ville dei
sannsynlegvis fått ein avtale.
Men Israel var alltid eit steg etter. Då
dei kunne forhandla med Nasser, ville dei ikkje. Då dei kunne forhandla med
Arafat, ville dei ikkje. Då Arafat døydde og vart etterfølgt av den ineffektive
Mahmoud Abbas, vann dei meir militante i Hamas det palestinske parlamentsvalet
i 2006. Israel nekta snakke med Hamas.
No
har Israel invadert Gaza og freistar øydeleggje Hamas. Om dei lykkast, kva for
organisasjon kjem neste gong? Og meir sannsynleg, om dei mislykkast i å
øydeleggje Hamas, er ei to-statsløysing mogleg no? Både palestinarane og
verdsopinionen er i ferd med å vende seg mot ei slik løysing. Og det er
sjølvsagt slutten på det sionistiske prosjektet.
Den tredelte strategien
til Israel ramlar saman. Jernneven lykkast ikkje lenger, om lag på same vis som
han ikkje gjorde det for Bush i Irak. Vil banda til USA vere like sterke? Eg
tviler på det. Og vil verdsopinionen framleis sjå med sympati på Israel? Det
ser ikkje slik ut. Kan Israel no, som eiga statsdanning i Midtausten, og ikkje
som ein europeisk utpost, bytte til ein alternativ strategi og føre
forhandlingar med militante representantar for palestinarane? Det ser ut til å
vere i seinaste laget, ganske sannsynleg for seint. Derfor denne krøniken om
eit varsla sjølvmord.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar
Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries