Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
250, 1.2.2009
Tvitydige Obama
Barack Obama vart innsett
som president i USA 20. januar til hurrarop frå det store fleirtalet både i USA
og i resten av verda. I innsetjingstalen lova han «å starte arbeidet med å
gjere om Amerika» (Begin again the work of remaking America).
I den korte setninga som
vart tatt opp av verdspressa i overskrifter og analysar, fanga Obama alt det
uklare i lovnadene sine. «Gjere om» kan bety ganske ulike ting. Det kan bety å
vende tilbake til ein tidlegare tilstand som var betre. Og Obama såg ut til å
indikere det med ei anna setning, der han bad amerikanske borgarar «velje det
beste i historia vår». Men «gjere om» kan au bety meir grunnleggjande
endringar, å skape eit ganske anna Amerika enn det verda kjenner i dag. Det
tvitydige ligg i om Obama bare gjør framlegg om å flikke på strukturen og
institusjonane i USA og verdssystemet, eller omskape dei fundamentalt.
I
dag bør det vere klart for alle at USA ikkje har valt ein Che Guevara som president,
trass i den hysteriske frykta til den uforsonlege høgrefløya i Det
Republikanske Partiet. Heller ikkje har dei valt ein ny Ronald Reagan, trass i
håpa til nokon av dei som røysta på han, og frykta til mange av dei meir
umedgjerlege kritikarane hans på venstresida. Kva har så USA valt? Svaret er
ikkje tydeleg enno, nettopp på grunn av den politiske stilen til Obama.
Det
er to spørsmål som
må analyserast. Eit er kva Obama faktisk ønskjer oppnå som president. Det andre
er kva han kanskje kan klare å oppnå, gjeve realitetane i geopolitikken og ein
verdsomfattande depresjon. Visepresident Biden omtalte det siste spørsmålet 25.
januar som «ganske enkelt verre enn nokon trudde, og det blir verre for kvar
dag».
Kva veit me per i dag om
Obama? Som politisk leiar er han uvanleg smart og velutdanna, og han er ein
avbalansert, forstandig og svært framgangsrik politikar. Men kor står han i
heile registeret mellom det å bare ønske flikking, og fundamentale endringar?
Truleg ein stad midt på. Og truleg vil det han verkeleg får utført og oppnådd
meir vere ein funksjon av restriksjonane verdssystemet legg på han enn av hans
eigne val, same kor intelligente dei måtte vere.
Opp til i dag har me fått
hint om kva han vil på fem område: inkluderande deltaking, geopolitikk, miljø,
sosiale spørsmål heime, og måten å handtere depresjonen på. Den første dommen
er svært blanda.
Det
er på inkluderande deltaking han openbart skin mest. Hans eige val er eit mål på det. Sant
nok er valet av ein afro-amerikansk president bare slutten på ein jamn trend i
USA sidan 1945 – frå president Trumans integrering i dei væpna styrkane til
avgjerda i Høgsterett om raseskilje i skolane, til Thurgood Marshalls utnemning
til Høgsterett, til Colin Powells utnemning til leiar for fellesstaben, til
Powells og Condoleezza Rices utpeiking som utanriksminister etter kvarandre.
Likevel markerer det eit gjennombrot som få venta seg for to år sidan. Og det
betyr noko.
Obama vil halde fram
dette strevet for inkluderande borgarskap. Men han står framfor ei stor
politisk prøve i spørsmålet om immigrasjon. Det er ingen teikn enno på om han
kan takle spørsmålet på kraftfullt vis. Han må slåst med ein stor del av sin
eigen politiske base. Ut frå noverande og venta nivå på arbeidsløysa i USA, kan
han utsette å gjere noko. Men problemet vil ikkje forsvinne, og det vil bare
bli vanskelegare å løyse.
Obamas
geopolitiske innstilling er langt mindre lovande. Konflikten Israel-Palestina er truleg
uløyseleg for tida. Det absolutte minimum som må gjerast i dag er å inkludere
Hamas i forhandlingane. Kanskje utnemninga av George Mitchell som USAs
spesialutsending varslar det. Men det vil neppe vere nok for å oppnå ei
levedyktig politisk løysing.
Eg tvilar ikkje på at
irakarane vil få Obama til å halde løftet om å trekkje seg ut på 16 mnd. Og eg
trur ikkje Obama vil gjere anna enn å knufle verbalt med iranarane. Men han er
på veg mot katastrofe i Pakistan, med alvorleg undergraving av landets
regjering den første veka som president. Den pakistanske regjeringa er veik og
kan snart falle. Om ho gjør det har Obama ingen forsvarlege alternativ.
Hovudproblemet
er at Obama
ikkje har gjeve avkall på det oppblåste språket til ei tidlegare hegemonisk
makt. I talen sin sa han til verda: «Vit at Amerika... er klare til å gå i
leiinga igjen.» Verda ønskjer at USA skal delta. Ho ønskjer slett ikkje USA i
leiinga. Eg trur ikkje at Obama verkeleg forstår det enno. Pakistan kan bli
hans ulykke.
I tillegg har han starta
på feil bein i Latin-Amerika. Han har spelt for galleriet om Chávez, og verre,
han har ikkje høyrt utfordringa frå president Lula om at Latin-Amerika ikkje
vil tru han står for endring før han fjernar blokaden av Cuba utan vilkår.
Politikken
på sosiale spørsmål
er igjen ei usikker blanding. Obama har innført abortpolitikken til
Clintonadminstrasjonen igjen, og det skil han klart frå politikken til
Reagan/Bush. Han har gjeve lovpålegg om å stenge Guantánamo og dei hemmelege
CIA-fengsla, samtidig som han har utsett i opptil eitt år spørsmålet om kva som
skal skje med dei som er fengsla i dag. I kva grad han vil oppheve den
omfattande veven med statleg krenking av privatlivet i USA er framleis eit
svært ope spørsmål. Heller ikkje er det klart i kva grad han vil oppfylle
løftet til fagrørsla om å fjerne dei restriksjonane tidlegare regjeringar har
lagt på organiseringsarbeidet deira.
Til
sist området der
han har minst å gå på, den verdsomfattande depresjonen. Han er tydeleg klar til
å auke statleg deltaking i økonomien kraftig. Men det same gjeld så godt som
alle politiske leiarar i verda. Og han er tydeleg klar til å styrke det ein kan
kalle sosialdemokratiske tiltak for å minske økonomiske problem i arbeidslivet.
Men det same gjeld så godt som alle leiarane i verda.
Spørsmålet er her kor
modige tiltaka er. Han har peika ut eit knippe med svært forsiktige
keynesianarar i alle nøkkelposisjonar. Han har ikkje tatt med nokon av dei
økonomane som står til venstre for keynesianarane – Joseph Stiglitz, Paul
Krugman, Alan Blinder eller James Galbraith. Dei seier alle saman at forsiktige
tiltak ikkje vil fungere, og at ein taper dyrebar tid. Kanskje Obama om eit år
vil stokke om på laget sitt for å ta inn dei som krev modigare tiltak. Men
kanskje det vil vere litt for seint.
Obama
er oppsett på
å få med seg republikanarane i Kongressen på dei økonomiske forslaga sine. Dels
er det hangen hans til å velje «semje om mål framfor konflikt og usemje». Dels
er det dyktig politikk på det viset at han ikkje ønskjer bli ståande i trengt
posisjon når økonomien forverrar seg. Men dei republikanske leiarane er lure
nok til å forstå det, og vil bare røyste med han som gjenyting for at han
kuttar mykje av politikken sin.
Obama har fått ein ustø
start. Trua på at han er klar til å drive fram fundamentale endringar av
Amerika har lita støtte i prov, trass i at han er intelligent og intellektuelt
open. USA får mykje fint prat. Landet treng modige endringar.
© Immanuel Wallerstein
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries