Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

251, 15.2.2009

Krisepolitikk

Kvar dag les eg ein ny økonom, journalist eller regjeringstalsmann som uttaler seg om korleis ein skal komme økonomisk på fote igjen i det eine eller andre landet. Det er unødvendig å seie at botemidla står i motsetning til kvarandre. Men nesten alle desse ekspertane ser for meg ut til å leve i ei fantasiverd. Dei ser faktisk ut til å tru at botemidla deira vil fungere i løpet av relativt kort tid.

Faktum er at verda bare er i starten av ein depresjon som vil vare ganske lenge, og som vil bli langt verre enn han er no. Det umiddelbare spørsmålet for regjeringane er ikkje korleis økonomien skal hente seg opp, men korleis dei skal overleve det veksande folkelege sinnet dei utan unntak møter.

 

La oss byrje med dei økonomiske realitetane. Mest alle verdas over – regjeringar, næringslivet, enkeltindivid – har levd over evne dei siste 10-30 åra, på grunnlag av lån. Verda vart yr av oppblåste lønningar og oppblåst konsum. Boblar må sprekke. Denne (eller eigentleg fleire boblar) har sprokke no. Det umaulege i å halde fram den vegen har sokke inn i medvitet, og plutseleg er alle redde dei går tom for verkelege pengar – regjeringar, næringslivet, enkeltindivid.

Når den frykta tar over, sluttar folk å bruke eller låne ut. Og når bruk og utlån går markant ned, stoppar eller senkar bedrifter produksjonen. Dei kan stenge heilt, eller i det minste sparkar dei tilsette. Det er ein vond sirkel, ettersom avvikling eller oppseiingar fører til lågare etterspørsel, og gir årsak til endå større motvilje mot å bruke eller låne ut. Det blir kalla depresjon, og deflasjon.

I augneblinken vil regjeringa i USA, som framleis er i posisjon til å låne og trykke pengar, kaste ein del nye pengar inn i sirkulasjon. Det kan fungere om regjeringa kastar inn forferdeleg mykje, og kastar dei klokt. Men ganske sannsynleg vil dei ikkje gjøre det klokt. Og ganske sannsynleg vil det beløpet som kan fungere ikkje føre til særleg anna enn ei ny boble. Og dollaren kan då verkeleg falle mykje raskare enn anna valuta, og dra bort den siste støtta under verdsøkonomien.

I mellomtida blir det mindre og mindre pengar til dagleg forbruk av alle slag for dei nedste 90 prosentane av befolkninga i verda (og det er ikkje bra for dei 10 prosentane på toppen). Folk blir urolege. Bare siste månaden har me sett folk i gatene i protest mot veksande vanskar i stadig fleire land – Hellas, Russland, Latvia, Storbritannia, Frankrike, Island, Kina, Sør-Korea, Guadeloupe, Reunion, Madagaskar, Mexico – og kanskje mange fleire som verdspressa ikkje har lagt merke til. I røynda har det vore relativt snilt til no, men regjeringane er alle på vakt.

 

Kva gjør regjeringar når den viktigaste bekymringa er å handtere indre uro? Dei har bare to val – skyte eller blidgjøre dei som protesterer. Å skyte dei fungerer bare opp til eit visst punkt. For det første må maktutøvarane bli betalt godt nok til å vere villige til å utføre jobben. Og når det er alvorleg økonomisk tilbakegang, er det ikkje lett å sette i verk slikt for regima.

Derfor byrjar dei blidgjøre innbyggarane. Korleis? For det første med proteksjonisme. Alle har byrja klage på proteksjonismen i andre land. Men alle som klagar gjør det same sjølv. Og det vil komme mykje meir. Frimarknadsøkonomane fortel oss alle saman at proteksjonisme gjør den totale økonomiske stoda endå verre. Det er truleg sant, men politisk sett ganske irrelevant, når folk går på gatene og krev jobbar – no!

Den andre måten regjeringar blidgjør på når det er uro er med sosialdemokratiske velferdstiltak. Men til det treng regjeringane pengar. Og dei får pengar gjennom skattlegging. Frimarknadsøkonomane fortel oss alle saman at auka skattar (av alle slag) i økonomiske nedgangstider gjør stoda endå verre. Det kan vere sant, men på kort sikt er det au irrelevant. I nedgangstider fell skatteinntektene. Regjeringane kan ikkje halde oppe jamvel eksisterande utgifter, for ikkje å snakke om auke dei. Derfor vil dei skattlegge på den eine eller den andre måten. Eller trykke opp pengar.

Tredje og siste måte å blidgjøre på er ein solid dose populisme. Gapet i realinntekt mellom den eine prosenten på toppen og dei tjue på botnen innanlands og på verdsbasis har vakse enormt dei siste tretti åra. Gapet vil no bli redusert til det meir «normale» som eksisterte i 1970, som framleis er svært stort, men ikkje så forargeleg høgt. Derfor snakkar styresmaktene no om «inntektstak» for banksjefar, som i USA og Frankrike. Og du kan rettsforfølge folk for korrupsjon, som i Kina.

 

Det er litt som å stå i vegen for ein tornado. Styresmaktene kan brått bli utsett for det verste. Når det skjer, har dei bare minutt på seg til å komme seg i kjellarane sine. Tornadoen passerer, og om ein framleis lever, går ein ut for å få oversyn over skaden. Skaden vil vise seg å vere omfattande. Og ja, ein kan bygge opp att. Men då byrjar den verkelege diskusjonen – om korleis ein skal bygge opp, og korleis ein då skal dele goda.

Kor lenge vil dette dystre biletet vare? Ingen kan vite eller vere sikre på det, men det vil truleg bli ganske mange år. I mellomtida vil regjeringane stå framfor val, og veljarane vil ikkje vere snille med dei styrande. Proteksjonisme og sosialdemokratiske velferdstiltak blir for regjeringane det kjellaren er under ein tornado. Kvasinasjonalisering av bankar er ein annan måte å søke ly i kjellaren på.

 

Det me, folket, må tenke over og førebu oss på er kva me gjør når me kjem ut av kjellaren, når det måtte bli. Det grunnleggjande spørsmålet er korleis me skal bygge opp att. Det blir den verkelege politiske kampen. Landskapet vil vere ukjent. All tidlegare retorikk vil vere suspekt. Hovudsaka er at me forstår at oppbygginga kan føre oss til ei langt betre verd – men ho kan au føre oss ei langt verre. I begge tilfelle vil ho bli ganske annleis.

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage