Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

252, 1.3.2009

Nøkkelen Guadeloupe

Guadeloupe er ei lita øy i Karibia, om lag så stor som Stor-London. Ho har om lag 400.000 innbyggarar. Ho blir mest ikkje omtalt i verdspressa. Sidan 20. januar har øya vore sete for ein generalstreik, som har klart å få ti prosent av befolkninga til å marsjere i gatene, noko som må vere verdsrekord. Streiken er sett i verk av Liyannaj Kont Profitasyon (LKP), namnet kan ein omsette frå kreolsk til «Kollektiv mot ‘Profittmakeri’ (eller opprørande profitt)».

LKP er eit kollektiv av 31 fagforeiningar, politiske parti og kulturorganisasjonar som representerer så godt som heile det sivile samfunnet. Leiinga kjem frå UGTG, ei uavhengig fagforeiningsavdeling som fekk majoriteten av røystene i det siste valet i fagrørsla (i eit offisielt fransk system kalla élections prud’hommales).

LKP la fram ei liste på 126 krav retta til fire grupper – tre nivå i den franske statsstyringa (den nasjonale regjeringa, regionane og departementa) pluss arbeidsgivarane. Dei fleste krava dreidde seg om økonomiske spørsmål. Men som den franske ministeren for oversjøiske område, Yves Jego, sa, ut over desse økonomiske krava er det ei «societal» (samfunnsmessig) krise. Det er ein høfleg måte å seie at streiken ikkje bare dreier seg om brød og smør. Det er ei djup antikolonial rørsle. Og det er den kombinasjonen som gjør det som går føre seg på den vesle og ukjende delen av verda til ein nøkkel til verdskrisa der me er oppe i alle saman.

 

Om øya er ukjent i dag har Guadeloupe vore ein viktig stad for den kapitalistiske verdsøkonomien sidan 1493, då Columbus først steig i land her. PÅ 1600- og 1700-talet var ho eit av dei viktigaste sentra for sukkerproduksjon, ei av Frankrikes verdifulle kjelder til rikdom saman med Haiti. Sjølvsagt brukte sukkerplantasjane slavar importerte frå Afrika, då urfolket her var utrydda.

Den franske revolusjonen skapte tumultar i dei franske områda i Karibia, særleg i Haiti og Guadeloupe. I begge områda var det slaveopprør. I begge områda fekk dei franske plantasjeeigarane panikk, særleg etter at Frankrike oppheva slaveriet i 1794. Plantasjeeigarane vendte seg til britane for å bli redda. I begge områda dreiv franskmennene britane ut, slo ned opprøra og innførte slaveriet att i same slengen. Men ulikt Haiti vart Guadeloupe verande fransk koloni. Business as usual.

 

Så kom 1848 og ein ny revolusjon i Frankrike. Og på ny slutt på slaveriet, med Victor Schoelcher som drivkraft, minister i den provisoriske regjeringa. Som Lincoln i 1863 i USA, sendte Schoelcher ut eit dekret for å gjøre slutt på slaveriet, fordi han visste at han ikkje ville vinne ei avrøysting i den lovgivande forsamlinga. Og denne gongen vart ikkje opphevinga av slaveriet gjort om, jamvel om den provisoriske regjeringa Schoelcher var med i vart erstatta av ei mykje meir konservativ regjering.

Slaveri vart ulovleg i Guadeloupe (som andre stader), men i mest eit hundreår etter det endra økonomien seg svært lite. Plantasjane produserte framleis sukker, dei kvite eigarane akkumulerte profitten, og dei tidlegare slavane fekk framleis svært dårleg betalt. For å gjøre det verre, hadde den elendige lønna blitt for dyr for plantasjeeigarane og dei vart delvis erstatta med ny arbeidskraft importert frå Asia. Arbeidsløysa blei vanvittig høg og har vore det til i dag.

 

I kjølvatnet av frigjøringsrørslene i koloniane andre stader etter 1945, gjorde dei franske styresmaktene Guadeloupe til eit oversjøisk departement, å sjå til lik andre bydepartement. Men økonomisk var dei meir avhengige enn nokon gong av bidrag frå Paris. Sukkeret hadde utarma jorda, og turistnæringa vart den nye økonomiske basisen. Folket på Guadeloupe levde i ein økonomi der lønningane var langt under fransk bystandard mens levekostnadene var langt over, fordi nokre få kvasimonopol eigd av kvite kontrollerte import og eksport.

Dette var årsaka til den doble eksplosjonen – mot «profittmakeriet» og mot det som framleis blir oppfatta som de facto slaveri. Kva ønskjer folket på Guadeloupe? Det første kravet på lista er 200 euro meir i minstelønn og alderspensjon per månad. Ut frå styrken i streiken ser det ut til at dei kan få dei 200, trass i vill motstand frå dei store arbeidsgivarane. Dei blir bedne om å bidra med 50 av dei 200, og tilbyr 10. Den franske regjeringa vil kanskje tvinge arbeidsgivarane til å godta kravet, men truleg ikkje den lange lista med andre krav.

 

Men kva med den samfunnsmessige krisa? Historisk har krav om formelt sjølvstende vore viktig for sjølvrespekten til frigjøringsrørslene i koloniane. På Guadeloupe har dei folkelege rørslene vore reserverte på det området. Dei har sett den avgrensa reelle makta til dei sjølvstendige statane i verda, og framfor alt dei like ved. Skjebnen til Haiti fristar ikkje. Men dei ønskjer ei djuptgåande samfunnsendring – slutt på den samfunnsmessige og økonomiske makta til del vesle kvite minoriteten, likestilling i praksis.

Om ein koplar økonomiske krav med «samfunnsmessige» krav midt oppe i ei økonomisk verdskatastrofe, set ein i gang ein mektig virvelvind. Ein vind nokre få nasjonaliseringar av nokre få bankar i nokre få rike land ikkje kan gjøre noko for å stoppe. Så langt har protestane på Guadeloupe (og andre stader) vore etter måten fredelege. Men virvelvindar har evna til å bli langt meir alvorlege.

© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage