Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

253, 15.3.2009

Borgarkrig i USA?

 

Me blir vande med at alle slags tabu brytast ned. I media verda over blir det diskutert om det er ein god ide å «nasjonalisere» bankar. Ingen andre enn Alan Greenspan, tilhengar av superprofeten for den frie marknadskapitalismen Ayn Rand, sa nyleg at me treng å nasjonalisere bankane ein gong per hundreår, og at det kan vere tida no. Den konservative republikanske senatoren Lindsay Graham var samd med han. Venstre-keynesianaren Alan Binder drøfta fordelar og ulemper med framlegget. Og ettersom han trur ulempene er større enn fordelane, så var han villig til å bruke intellektuell energi på å skrive om det i New York Times.

 

Etter å ha høyrt nasjonaliseringsforslag frå kjende erkekonservative, får me no seriøse diskusjonar om sjansane for borgarkrig i USA. Zbigniew Brzezinski – antikommunistisk apostel og tryggingsrådgivar for president Carter – dukka opp på morgon-TV 17. februar. Her drøfta han sine tidlegare fråsegner om at det kunne bli klassekonfliktar i Sambandsstatane i kjølvatnet av den økonomiske kollapsen.

Brzezinski sa han var uroa for utsikta til «millionar på millionar av arbeidslause som stod framfor alvorlege vanskar», folk som var blitt klar over «at rikdom ut over det vanlege var overført til nokre få personar, utan like i historia til Amerika.» Han minna sjåarane om at då det var ei større bankkrise i 1907, så inviterte finansmannen JP Morgan ei gruppe rike finansmenn heim til seg, låste dei inne i biblioteket og nekta sleppe dei ut før alle hadde punga ut til eit fond for å stabilisere bankane. Brzezinski sa: «Kor er den pengesterke klassen i dag? Korfor gjør dei ikkje noko, folka som tente milliardar?» Så lenge dei ikkje gjør noko frivillig, sa Brzezinski at «det vil bli konflikt mellom klassane, og om folk er arbeidslause og har det verkeleg vondt, helvete heller – så kan det til og med bli opprør!»

 

Mest samtidig sendte eit europeisk kontor kalla LEAP/Europe sitt konfidensielle og månadlege Global Europe Anticipation Bulletins til kundane sine – politikarar, offentlege tenestemenn, forretningsmenn og investorar. Februarnummeret var heilt vigd til geopolitisk oppløysing. Rapporten viste ikkje fram noko vakkert bilete. Han drøfta sjansen for borgarkrig i Europa, Sambandsstatane og Japan. Han såg føre seg «allmenn panikk» som ville føre til samanstøytar, borgarkrigsliknande tilstandar.

Ekspertane hadde enkelte råd: «Om det er tilgang på våpen i masseomfang i landet eller regionen du bur i, er det beste du kan gjøre å forlate regionen, om det er råd.» Det einaste av desse landa som passar til framstillinga, med våpen i masseomfang, er USA. Leiaren for LEAP/Europe, Frank Biancheri, sa at «det er 200 millionar våpen i sirkulasjon i USA, og gjengvalden er alt påtakeleg.» Ekspertane som skreiv rapporten påsto at det alt går føre seg ei utflytting av amerikanarar til Europa, fordi «der vil den fysiske faren framleis vere marginal.»

Om Brzezinski vonar det skal dukke opp ein ny JP Morgan i Sambandsstatane for å tvinge den «pengesterke» klassen til fornuft, så ser LEAP/Europe-rapporten «ein siste sjanse» i G20-møtet 2. april i London, om deltakarane kjem opp med ein «overbevisande og dristig plan».

 

Desse analysane kjem ikkje frå venstreintellektuelle eller radikale organisasjonar. Dei er ope uttrykt frykt frå analytikarar som sjølve er ein del av det eksisterande etablissementet i USA og Europa. Tabu blir bare brotne når slike folk er verkeleg redde. Poenget med å bryte tabuet er ein freistnad på å få til overordna og raske tiltak – motstykket til at JP Morgan låste inne finansfolka i heimen sin i 1907.

Det var lettare i 1907.

 

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage