Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
254, 1.4.2009
Af-Pak: Obamas krig
Af-Pak
er det nye akronymet
regjeringa i USA har funne opp for Afghanistan-Pakistan. Meininga er at USA har
geopolitiske interesser der strategien dei ønskjer å følgje omfattar begge
landa samstundes, og at ein ikkje kan sjå dei kvar for seg. USA har lagt tyngde
bak den politikken ved å peike ut ei einaste spesialutsending til dei to landa;
Richard Holbrooke.
Det var George W. Bush
som sendte troppar til Afghanistan. Og det var George W. Bush som sette ut i
livet politikken med å bruke dronar til å bombe stader i Pakistan. Men no som
Obama etter «nøye politisk vurdering» har slutta seg til begge linjene, har det
blitt Obamas krig. Det er ikkje veldig overraskande, ettersom han indikerte i
valkampen at han ville gjere det.
I ettertid er det
sannsynleg at ein vil sjå det som Obamas viktigaste vedtak i
utanrikspolitikken, eit vedtak historikarane i framtida vil sjå som
kjenneteiknet på politikken hans. Og det vil sannsynlegvis bli sett som hans
største mistak. For som visepresident Biden tydelegvis åtvara dei indre
sirklane om, vil det truleg bli ei hengjemyr som det blir like enkelt å komme
ut av som Vietnam-krigen. Det er difor to spørsmål. Kvifor gjorde han det? Og
kva er dei sannsynlege konsekvensane i hans periode?
La
oss byrje med hans
eiga forklaring på kvifor han gjorde det. Han sa at «situasjonen blir stadig
farlegare», at «framtida til Afghanistan er uløyseleg knytt til framtida til
nabolandet Pakistan», og at «for det amerikanske folket, har [Pakistans]
grenseområde [med Afghanistan] blitt den farlegaste staden i verda».
Og kvifor er det så
farleg? Ganske enkelt fordi det er ei trygg stad der al-Qaida kan «trene
terroristar» og «planleggje åtak» – ikkje berre mot Afghanistan og USA, men
alle stader i verda. Kampen mot al-Qaida blir ikkje lenger kalla «krigen mot
terror», men det er vanskeleg å sjå skilnaden. Obama hevdar at
Bush-administrasjonen hadde mista «fokus» og at han no har på plass ein
«fullstendig og ny strategi». Kort sagt skal Obama gjere det betre enn Bush.
Kva er så dei nye
elementa? USA vil sende fleire soldatar til Afghanistan – 17.000 kampstyrkar og
4000 som skal trene dei afghanske styrkane. Dei vil sende meir pengar. Dei gjer
framlegg om å gje Pakistan 1,5 milliardar dollar i året i fem år for «å byggje
skolar og vegar og sjukehus». Dei gjer framlegg om å sende
«jordbruksspesialistar og utdanningspersonell, ingeniørar og juristar» til
Afghanistan for å «utvikle ein økonomi som ikkje er dominert av ulovlege
rusmiddel». Kort sagt seier Obama at han trur «ei kampanje mot ekstremisme
ikkje kan bli vellykka med berre bomber og kuler». Underforstått vil det ikkje
som frå Bush vere «blankosjekkar» til dei to regjeringane. Dei afghanske og
pakistanske regjeringane er fornøgde med å få nye ressursar. Dei har ikkje sagt
dei vil fylle Obamas vilkår. Og Obama har ikkje sagt kva han vil gjere om dei
to regjeringane ikkje fyller vilkåra.
Når
det gjeld framtida, hevdar Obama at «det ikkje blir fred utan forsoning med tidlegare fiendar».
Forsoning? Vel, ikkje med den «kompromisslause kjernen i Taliban», eller med
al-Qaida, men med dei i Taliban «som har tatt til våpen pga. tvang, eller
ganske enkelt for betaling». For å få det til, treng Obama assistanse. Han gjer
framlegg om å opprette ei ny kontaktgruppe som skal omfatte «våre
Nato-allierte» men og «dei sentral-asiatiske statane, Golf-statane og Iran,
Russland, India og Kina».
Så kor vil me
sannsynlegvis vere seks månader frå i dag? Det vil vere fleire USA-soldatar i
Afghanistan, og USAs militære leiarar vil truleg seie at dei 21.000 soldatane
ikkje er nok. Nato-styrkar vil halde fram med å trekkje seg ut – repetisjon av
det som skjedde i Irak. Bombinga av Pakistan vil halde fram, kanskje meir
omfattande enn før, og difor vil det auke på med antiamerikanske kjensler over
heile landet. Den pakistanske regjeringa vil ikkje gå mot Taliban av minst tre
grunnar. Det framleis sterke ISI i hæren stør faktisk Taliban. Resten av hæren
er splitta, og i alle tilfelle for svak til å gjere jobben. Regjeringa vil
ikkje leggje alvorleg press på dei fordi dei då vil styrke hovudmotstandaren
sin blant partia som er mot slike handlingar, og resultatet kan bli eit nytt
militærkupp.
Kort
sagt, det
«klare og fokuserte målet» som Obama gjer framlegg om – «splitte, øydeleggje og
nedkjempe al-Qaida i Pakistan og Afghanistan, og hindre dei i å komme tilbake
til nokon av landa i framtida» – vil kanskje vere fjernare enn nokon gong.
Spørsmålet er kva Obama kan gjere då? Han kan «stå løpet ut» (som Rumsfeld i
Irak); trappe opp soldattalet konstant medan han byter ut dei lokale politiske
leiarane (som Kennedy/Johnson og Ngo Dinh Diem i Vietnam), eller han kan stikke
halen mellom beina og trekkje seg ut (som USA til sist gjorde i Vietnam). Han
vil ikkje bli hylla for nokon av desse vala.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar
Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries